Eit vogntog kjørte i natt i elva ved Ådlandsbrua på E39. To personar er stadfesta døde. Redningsarbeidet er karakterisert som svært krevjande.

– Situasjonen er fremdeles svært uoversiktleg, sa operasjonsleder Trond Olav Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til bt.no klokka 07.30. – Rekkverket på autovernet er skrella av, og gjerdestolper er knust. Vogntoget ligg knust ned mot elva. Mange tre er knekt tvers av i skråninga ned mot elva, melder bt.no vidare.

Det har vore ekstremt glatt på ulykkesvegen, og folk har hatt vanskelig for å halde seg oppreist ved ulykkesstaden.

Les meir i på nrk.no, sunnhordland og bt.

Siste:

Politiet meldte kl. 09.30 at vogntoget er registrert i Nederland. Det er funne to omkomne som er frakta bort frå åstaden, ein vaksen mann og ei jente i skolealder. Gjennom internasjonale kanalar forsøker ein no å finne ut kven personane er med tanke på formell identifisering. Varsling av pårørende pågår, og politiet har høgt fokus på det.