Damenes aften er ingen nyheit på Fitjar. På Damenes aften på Cafe Annemor 8. mars, kan du likevel få med deg mange nyheiter.

Varehuset Rydland vil presentera nye klede frå Cream, T. Træet kjem med nye smykke og MX-sport stiller med vårnyheiter. I tillegg vil ein bli kjent med Mary Kay sin make-up, Hårloftet sine Matrix produkt og Hilde Volden de Fine og Irene Torvund òg har spennande produkt å visa fram. Cafe Annemor har sjølv hand om serveringa.

Den kulturelle sida av arrangementet er i gode hender når me veit at det unge songtalentet Marthe Volden Nordfonn og Toradartuppene er med.

For nærare opplysningar kan ein ringja 53 49 98 90.