I dag har Ingve André Strand lakkert den nye crosskarten til sonen Anders.

Det er ikkje mange som er så heldige at dei får ny crosskart til jul. Anders Halleråker Strand er ganske sikkert den einaste i Fitjar. Som kjent var Ingve André Strand berre nokre centimeter frå å bli noregsmeister i crosskart i år. Og det ser ut til at sonen følgjer i hjulspora til faren.

No har dei bestilt heilt ny crosscart til junior. Den kom til Fitjar i byggesett frå Geir Iversen i Hønefoss, utan monteringsrettleiing. Men det plagar ikkje Ingve, som har nytta dei siste dagane til å skru saman den nye karten til gutungen. Alt såg ut til å passa, før han skrudde delane frå kvarandre for å lakkera ramma.

Ingve er litt usikker på kor lenge ei slik ramme varer. – Det kjem heilt an på kor mykje du krasjar, seier han, den kan vara alt frå nokre veker til 20 år! No får junior ein heilt ny crosskart. Alt utanom motoren er nytt, seier Ingve, som meiner den gamle motoren er god nok. Det vil visa seg no, når dei får ny ramme og nye støtdemparar.

I dag var Ingve klar til å lakkera ramma, og fekk då æra av å innvia den nye lakkeringsverkstaden til onkel Ole Vidar Helland på Rydland. Den gamle snikkarverkstaden er ominnreidd med lakkeringsutstyr og ventilasjon av same slag som dei profesjonelle bruker. Det tok litt tid å varma opp lufta til høveleg temperatur i det sure vintervêret i dag. Men etter kvart viste gradestokken godt over 20 grader, slik at Ingve kunne setja i gang med grunninga. Etterpå blei det full utlufting og ditto nedkjøling, medan grunninga tørka, før Ingve kunne sprøyta blåmalinga på. Så vidt me forstod, verka alt utstyret i lakkeringsverkstaden slik det skulle. 

I nest veke reknar dei med å begynna å skrua saman crosskarten, og den vil vera klar i veldig god tid til sesongstarten til våren. Ingve vil ikkje ut med kor mykje den nye crosskarten kostar, men så vidt me forstår, vil dette kjøpet gå ut over julegåvebudsjettet i fleire år framover …