«Små Skatter» har Kate Helland kalla butikken ho har opna i 2. etasje hos Varehuset Rydland. I butikken hennar finn du mellom anna barnekle og handlaga produkt.

– Eg har jobba ei tid hos Kid Interiør på Stord. Ein grei jobb, men eg vart etter kvart litt lei pendlinga. Så då eg fekk tilbod om å selja barneversjonen av eit nytt klesmerke på øya, og starta for meg sjølv, slo eg til, smiler Kate som ser ut til å kosa seg med valet ho har gjort.

Innimellom kundebesøka produserer ho vesker, sjal, smekker med meir på staden.

Kleda hos sel er barneutgåva av kleda frå Cream som Varehuset Rydland har hatt god suksess med.

– Førebels har eg mest kle for dei mellom 4-11 år, men eg skal få på plass kle for dei minste òg, lovar ho, før me plasserer ho ved sida av ein representativ dukkemodell for fotografering.

Den nye klesbutikken har ikkje eigen inngang. Trappa opp til butikken finn du til venstre når du kjem inn i Varehuset Rydland sine lokale.