Tidleg på hausten kjem det ny verksemd i Larsenbygget.

Dette fortel Lise-Katrine Grimen i ein samtale med fitjarposten.no. Ho har oppretta eit firma som heiter Galleri Flora og då skjønar me at det må vere ein blomsterhandel. Odd Sverre Larsen har gitt grønt lys for å leige lokala som tidlegare vart bruka til blomstersal, medrekna området ved vindauga med god utstillingsplass. Når rør- og elektrikararbeid er unnagjort, set Lise-Katrine i gang med målarjobben. Ho er utdanna blomsterdekoratør og har god erfaring frå slikt arbeid, i tillegg til styrarjobb i ein leikebutikk. Det er meininga å drive sorgbinderi (kransar, bårebukettar og kistedekorasjonar) i tillegg til vanleg blomsterutsal. Lise-Katrine har sendt søknad om medlemskap i Interflora. Mest truleg er det Primaflor som blir fast leverandør av varer.

Blomsterbutikk er eigentleg ein sesongbetont marknad, seier Lise-Katrine, og er klar til å finne gode løysingar på ein del utfordringar. Ho tenkjer at det vert trong for ekstra hjelp i butikken blant anna. Larsen Spar sitt blomsterutsal vert endra når Galleri Flora kjem i drift. Elles er ho i god dialog med Malvin Aarskog som har drive blomsterbua i mange  år. Lise-Katrine Grimen gler seg til nye arbeidsoppgåver der ho blant anna får utnytta evna til å lage fine dekorasjonar. Ho er som kjent ein av tre frå Fitjar som fekk midlar til næringsutvikling då Samarbeidsrådet for Sunnhordland føretok utdeling for ei veke sidan. I går skreiv fitjarposten.no om dette og viste til ein link om Ronny Reigstad sitt firma Fix 3 D, som og fekk tilskot. Elles kan me nemne den tredje heldige, firma Fitjar Meieri, som har tatt på seg ansvar for å organisere prosjektet Lokal mat i Fitjar.