Opprinneleg hadde ein tenkt to gratisturar med buss til Midtfjellet i dag. Det vart tre. Og i morgon vert det endå ein tur.

 Så stor var interessa at det framleis stod folk igjen etter at dei to bussane vart fylte to gonger. Derfor vart det sett inn ein ekstrabuss kl 17.00 i ettermiddag.

– For at alle som vil skal få sjå korleis det ser ut på Fitjarfjellet, set me i tillegg opp ein bussavgang i morgon, søndag. Den vil gå frå Fitjar Kultur- og Idrettsbygg kl 13.00, opplyser dagleg leiar i Midtfjellt Vindkraft AS, Ole Vidar Lunde, til fitjarposten.no.