Fredag kveld blei beredskapen til Fitjar brannvesen utvida med ein ny bil, som skal styrka den medisinske førsteberedskapen i bygda.

Fredag var det stor stemning ved brannstasjonen, då Trond Henriksen svinga inn med den nye Mercedesen brannkorpset har fått. Doningen ein Mercedes GLK 250 med ein prislapp på ein god halv million, som skal utstyrast med hjartestartar, oksygen og anna førstehjelpsutstyr. Bilen kan også utstyrast med røykdykkarstolar.

Bilen med mannskap skal setja igang med den første medisinske hjelpa på ein ulukkesstad. Kjøretøyet skal disponerast av den som har vekesvakt. Ein slepp dermed å kjøre innom brannstasjonen for å starta utrykkinga, og på den måten vera raskare på staden

– Med denne bilen i tillegg til dei andre to me har, får me sitjeplass til alle. Den har også firhjulstrekk, slik at den skal komma seg raskt fram, også på vinterføre, fortel brannsjef Tore Nesbø. Nesbø fortel at brannkorpset i dei site åra har hatt omlag 35 utrykningar i året, og dei fleste av desse oppdraga har handla om medisinske situasjonar, som hjartestogg. Med avstand til sjukehus og når minuttane tel, er dette ein auke i tryggleiken til fitjarbuen.

Nesbø fortel at køyretøyparken til brannvesenet no har kome langt sidan tida med ein Land Rover som det etter Nesbø sit utsagn var ein risikosport å føra i 60 kilometer i timen eller meir. Med den nye bilen på plass i bygda kan innbyggjarane lita på at hjelpa kjem, raskt og på ein forsvarleg måte.

 

Ingressbilete: Det mangla ikkje på lys- og lydeffektar då den nye bilen skulle visast fram for delar av brannkorpset. Foto: Arne Vestbøstad