Fitjar sitt damelag gjorde sin argaste motstandar til eit lag av statistar då dei slo Halsnøy 9-1 i kveld.

Me var førebudde på ein jamn toppkamp. For hadde Halsnøydamene vunne denne kampen, kunne dei ha gått opp i leiinga i serien. Men i denne kampen var dei ikkje ein gong i nærleiken av å makte det. Rett nok gav dei fitjardamene litt motstand ein periode i første omgang, men i andre omgang bleikna dei helt bort.

Skåringsballet for Fitjar vart opna med ei heading på høgt nivå av Elin Kvia, etter berre fire minutt. Halsnøy utlikna så til 1-1 etter ein verbal tabbe av Fitjarforsvaret, men så var det òg slutt på skåringar for laget som hadde teke turen til Fitjar.

Fitjar gjekk opp til 2-1 ved eit kjempeskot frå midtbanen ved Britt Lise Onarheim Volden, og til 3-1 etter ein fikst skot av Stina Rimmereid. Og før omgangen var slutt hadde òg Gro Hatlevik pynta på resultatet, slik at det stod 4-1 ved pause.

I byrjinga av 2. omgang sytte Kari Vik (1) og Martine Hareide (2) for tre raske fitjarskåringar.  Kampen var då  forlengst punktert, og fram til sluttminutta skjedde det lite. Men det som skjedde, skjedde framfor Halsnøy-målet, og i slutten av omgangen kom det to kjappe fitjarskåringar til.

-Ein fin laginnsats, seier fitjartrenar Stein Gunnar Halleråker. Fitjardamene toppar no serien, og om Halsnøy skulle vere Fitjar sin farlegaste utfordrar i denne sjuar-avdelinga, kan me ikkje skjøne kva for lag i denne serien som skal kunne slå damene våre.

Stein Gunnar og damelaget kan såleis berre gle seg til haustkampane startar….