Nytilsett biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen har vore ei veke på jobb i Fitjar folkebibliotek, og låntakarar i alle aldrar kjem innom for å låna haustlektyre og å helsa på den nye og blide bibliotekaren.

Biblioteket, som held til i Fitjar kultur- og idrettsbygg  har vore sommarstengd sidan slutten av juni og fram til for ei veke sidan. Etter det har det vore eit jamt sig med besøkjande som skal levera attende sommarlektyren og finna nytt lesestoff. Bak skranken møter låntakarane ei ny dame med stor interesse for bøker. Allmennlærar Silje Vågen Torbjørnsen har tilleggsutdanning i skulebibliotek og såg på den ledige stillinga som biblioteksjef på Fitjar som ein flott sjanse ho ikkje kunne la gå frå seg. Sjølv er ho glad i bøker, men på grunn av travle dagar med små ungar i heimen får ho ikkje sett av så mykje tid ho ynskjer til lesing. Det hindrar ho likevel ikkje frå å kunna anbefala bøker for både den eine og den andre som kjem innom på jakt etter god krim, diktbøker, gode romanar, lettleste romanar… Silje er på pletten mellom reolane og kjem med anbefalingar. Det er ikkje heilt lett no i starten når ho ikkje kjenner kundane så godt, men det skal nok gå seg til. » Du får gje meg tilbakemelding på korleis du likte boka når du kjem tilbake med ho», seier ho til ein låntakar som er på veg ut døra med to nye romar under armane.

Det er litt rolege dagar no i starten, innrømmer Silje, og trur kanskje ikkje alle har fått med seg enno at biblioteket har opna. Besøket tek seg nok opp når skulane startar, seier bibliotekaren og plukkar stolt fram ein utklipt avisartikkel frå avisa Sunnhordland som fortel at Fitjar er på topp i Sunnhordland når det gjeld bokutlån per innbyggjar. Men me låner jo og ut mykje meir enn bøker, fortel Silje og peikar på filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Og der kjem det sanneleg ein ung låntakar inn døra med kursen direkte mot dvd-hylla. Målet er ein Byggmester Bob-film, men det kan Silje raskt finna ut på dataskjermen at det har dei ikkje. Imre Havn, som guten heiter, grin ikkje av den grunn. Han finn raskt ein annan film han vil sjå, den om Pingu. Så bære det direkte til bokkassane for ungar, og der finn han fleire bøker som freistar, både ei om Elias og ei om Gråtass. Så må han innom leikene ein tur før han kryp gjennom leikehuset på veg til skranken for å få registert låna sine. «Det er spesielt kjekt å sjå foreldre som låner bøker til ungane sine», seier Silje, som og skryt over at dei har eit godt samarbeid med skulane.

Silje kjem eigentleg frå Austevoll, men høyrer til Tverderøy-slekta og har såleis røter på Fitjar. Ho flytta hit til bygda for sju år sidan, og det første året jobba ho og på biblioteket, som den gong haldt til i sentrumsgarden. Etter ein del år i skulen er ho no attende der ho starta, men i nye lokale.

Den nye bibliotekaren har mange favoritt-bøker, og ei av dei som har gjort inntrykk på ho i det siste er Tusen strålende soler. Ho likte og godt Øya og Stormenes tid, og akkurat for augneblinken held ho på med Barnepiken.

Nye kundar kjem til og det vert spennande samtalar om gode bøker, og om mindre gode bøker. Kva gjer ein om ein startar på ei bok ein ikkje likar? Ein kunde, som seier ho får abstinensar om ho ikkje har lesestoff, fortel at då skummar ho gjennom. «Startar du på ei dårleg bok så slutt å lesa, du skal jo lesa for å ha det kjekt», seier Silje smilande og fortel at ho har lagt frå seg bøker som ikkje fengde. Når bibliotekaren seier det slik så bør det og gje oss andre frimod til å leggja frå oss bøker me ikkje finn interessante, på tross av at dei har fått gode kritikkar. (Så då har eg altstå ei bok heime eg skal leggja vekk og ei eg skal fortsetja å lesa i…) «Men det er nokre bøker ein ikkje kan skumma gjennom. Bøkene til Stig Larsson dei er så gode at i dei må ein lesa kvart einaste ord, og det gjere ingenting at dei er tjukke», avsluttar dama som er avhengig av bøker.

Sjølv om mange låner mykje bøker er det endå eit stort potensiale der ute, meiner den nye sjefen og minner om at opningstidene er dei same som før: Måndag og onsdag 10.00-13.00, og tysdag og torsdag 13.00-18.00.

Eg må ein snartur tilbake til starten på bibliotekbesøket. I det same eg kom inn døra der denne føremiddagen, og sa eg ville laga ein reportasje til Fitjarposten, kom ein blid kunde med lange øyrer springande og viste meg kva ho nettopp, heilt tilfeldig, slo opp på i ei bok: Eit dikt skreve av Per Larsen. Diktet passar både på den nye bibliotekaren og alle dei føregåande bibliotekarane me har hatt på Fitjar:

HELDIG ER DEN I LIVET

Heldig er den i livet
som finner en bibliotekar –
et liv i regulativet
for kjærlighetsreservoar

Heldig er den i livet
som finner en bibliotekar
så yndig som strået i sivet
så ryddig, så rolig, så rar

Og la deg ikke forlede
om hun virker stille og var
Det er fullt av  impulsiv glede
i en helt vanlig bibliotekar!

Heldig er den i livet
som finner en bibliotekar