Illustrasjon

Austevolls-reiarlaget Kløverlaks AS har inngått avtale om ny prosessbåt med Fitjar Mekaniske.

– Designet er HFMV P38-400, utvikla i samarbeid mellom Heimli, Kløverlaks og FMV.

Fartøyet er verftet sitt byggenummer 50, og får namnet «Siglar», skriv Kari Nøstbakken i ei pressemelding frå Fitjar Mek.

Båten er eit prosessfartøy designa med fokus på fiskekvalitet, effektivitet og låge utslepp.

– Lastekapasiteten er på rundt 300 tonn bløgga fisk som vert oppbevart i 6 RSW tankar på til saman ca. 400 m3.  Fartøyet har 4 bedøvelses- og bløgge-linjer, og får bløggekapasitet ca. 95 tonn fisk per time.

Fartøyet skal byggast med hybrid maskinerikonfigurasjon og batteridrift, samt landstraumanlegg.
Båten vert bygga komplett på Fitjar, og skal leverast i tredje kvartal 2021.

– FMV50 «Siglar» blir den 8. bløggebåten FMV leverer. Alle fartøya er i god drift og har vist at bløggebåtar vil vera ein viktig del av framtidas havbruk, avsluttar Nøstbakken.