Det er ikkje altfor lenge sidan ein båt gjekk på grunn ved Sandvikvåg. I morgontimane i dag, skjedde det igjen då det danskregistrerte lasteskipet "SC Baltic" gjekk på grunn med ni mann om bord.

Båten, som er 94 meter lang, var på veg til Odda.

Det heile endte utan dramatikk av noko slag i det båten til slutt kom seg av grunn for eigen maskin, og sidan han ikkje hadde nokon lekkasjer kunne han fortsetje som normalt, opplyser vakthavanande redningsleiar ved Hovedredningssentralen Sør-Norge, Siv Namork, til bt.no

BT fortel at «SC Baltic» også grunnstøtte i mars i fjor, den gongen ved Skåretreboen ved Kvalen lykt utanfor Haugesund. Da blei styrmannen tatt med promille i ei blodprøve etter ulukka.

Også denne gongen er det mistanke om promille i og med at alkometeret gav utslag då kapteinen bles i det. Båten, som no ligg til kai på Leirvik, vert difor halden tilbake av Sjøfartsdirektoratet, som går om bord med inspektørar i ettermiddag. Også politiet undersøkjer båten i dag, mellom anna for å sikre seg ei utskrift frå AIS-systemet.

– Vi held båten tilbake av to grunnar. For det første har vi forlangt dykkerundersøkingar av skroget. Det andre er at skipet treng ein ny kaptein, seier kommunikasjonsdirektør Eilif Fjon i Sjøfartsdirektoratet til bt.no