Onsdag overleverte Fitjar Mekaniske Verkstad båten FMV215 «KB Marine».

Båten, av typen HFMV W15, Sørfonn-klassen, er spesialbygt for dykkar-/ROV-operasjonar, og måler 15X12X3,9 meter. Båten er bygt fullt og heilt ved FMV i løpet av fem og ein halv månad.

Denne båten er søsterskipet til FMV212 som blei levert i juni, til same eigar, nemleg KB Dykk i Rørvik.

«Disse båtan» e» ikkje berre smykkeskrin. De» e» ei heil, full skattekiste», uttalar verftsdirektør Hugo Strand, tydeleg stolt.

Dette er den tredje servicebåten FMV leverer så langt i 2015. Ytterlegare to til skal leverast før året er omme, og den eine av desse vil bli den største servicebåten FMV har levert så langt.

 

 

Ingressbilete: «KB Marine» med mannskap klar til å segle rett på jobb i Nord-Trøndelag. Foto: Fitjar Mekaniske Verkstad