Topplaget Gneist køyrde over Fitjar i seriekampen laurdag ettermiddag og tok med seg tre poeng heim til Bergen etter 5-0 over eit heimelag som kjempa bra mot overmakta.

Ikkje uventa blei det altfor tøft for botnlaget Fitjar då dei fekk besøk av Gneist på graset i Fitjar Idrettspark i dag. Rett nok var det Fitjar som fekk den første store sjansen. Badi Hurasi var svært nær å gi Fitjar 1-0 allereie etter fem minutt, men dessverre redda Gneist, og derfrå og inn var det dei veltrente bergensarane sin kamp.

Trenar Kjell Træet måtte berre innsjå at gjestene var for gode, men han ergra seg over den forspilte målsjansen i starten. – Mot alle andre som me har møtt i år, hadde dette blitt mål, men her måtte det komma ein mann i vegen!


Aleksander Gundersen jublar for scoring, medan Fitjar resignerer. Foto: Kjetil Rydland.

Sjølv om Fitjar kom best i gang, brukte ikkje gjestene mange minutt på å ta over kampen. Etter åtte minutt kom dei forbi tvirådige Fitjar-forsvarar på kanten, og innlegget inn på 16-meteren blei altfor vanskeleg for Fitjar. Gneist-spelarane kom springande i hopetal, og ingen klarte å fanga opp Vehid Kocani, som sette ballen enkelt i mål.

Med stor fart på ballen viste Gneist seg som det beste laget me har sett på Fitjar i år. Dei spelte seg gong på gong gjennom Fitjar-forsvaret, som ikkje klarte å henga med i svingane. Etter 32 minutt blei Gneist-spelar Tobias Totland felt i vanvare på 5-meteren av eit stressa forsvar. Straffesparket sette Sondre Liseth kontrollert i mål. Før pause noterte me eit par fine forsøk av Kjell André Thorland og Thomas V. Waage, som etter kvart begynner å likna på seg sjølv etter fråvær. Men direkte farleg var det ikkje.

Etter pausen blei det endå tøffare for Fitjar. Dei kjempa brukbart utover i andreomgangen, men etter kvart breidde nok frustrasjonen seg i hardt kjempande gutar. Det gjekk altfor fort då veltrente gjester drog i gang det eine angrepet etter det andre. I vel halve omgangen heldt dei stand, men mot slutten rann det inn tre nye mål. To av dei kom ved Aleksander Gundersen, og Gneist gav seg ikkje før straffeskyttar Sondre Liseth fastsette sluttresultatet til 5-0 med eit godt skot frå 20 meter.

På Fitjar spela keeper Oddgeir Træet ein god kamp, og berga laget sitt frå eit større nederlag. Men det var ikkje godt nok til å få komlebuffet på Fitjar Fjordhotell. Bestemannspremien gjekk til den andre verdige kandidaten, Kjell André Thorland, som på nytt spela ein god kamp. Endå betre blir det nok frå den kanten dersom Thomas V. Waage fortset marsjen mot gammal, god form. For då vil Kjell André ha nokon å leggja dei fine framspela sine til.

Tabellen for 4. divisjon syner at dagens motstandar er ein heit opprykkskandidat, medan laga på nedre halvdel sakkar etter. Det tyder at Fitjar ikkje er åleine om å slita, og er ikkje heilt akterutseilt enno. Neste sjanse til poeng kjem mot Stord 2 i heimekampen måndag 22. juni.


Ikkje greitt å vera venstreback Johannes Myhre i dagens kamp. Foto: Kjetil Rydland.


Ein svimmel André «Mini» Helland må innsjå at han har tapt endå ein duell mot tomålsscorar Sondre Liseth. Foto: Kjetil Rydland.


Lagkaptein Andreas Berge i kamp med dei to beste på Fitjar, Kjell André Thorland og keeper Oddgeir Træet. Foto: Kjetil Rydland.


Fitjar – Gneist 0-5 (0-2)

Seriekamp 4. divisjon avd. 04
Laurdag 13. juni kl. 15.00
Fitjar Idrettspark
Publikum: 60

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Andre Helland, Emil Fitjar, Sander Tverborgvik (Sebastian T. Thomassen 77), Johannes Myhre (Hafsteinn Runarson (86), Øyvind Fykse Lie, Kjell Andre Thorland, Brynjar Engelsen (Arild F. Waage 72), Torbjørn Korsvik, Badi Hurasi, Thomas Vestbøstad Waage (Adrian Mehammer 72).

Mål: Vehid Kocani (8), Sondre Liseth (32), Aleksander Gundersen (70), Aleksander Gundersen (77), Sondre Liseth (86).

Gult kort: Øyvind Fykse Lie og Emil Fitjar, Fitjar; Vehid Kocani og Jan Marius Berg Skulstad, Gneist.

Dommar: Michael Skovhus Bech, Varegg Fotball