I ettermiddag vart bademuligheitene utvida med ny badeflåte i Breiavikjo i Storavatnet

Tidlegare i vår har Friluftsrådet Vest gjort Breiavikjo meir attraktiv. Det vart rydda og stelt.

No er det og lagt ut badeflåte til bruk for dei badande. Den er allereie prøvd og såg ut til å fungera godt. Med 20 gradars vatnet var det lett å ta seg ein dukkert.

Flåten er eit spleiselag mellom Vesthaugane hyttegrend, Norgeshus Torvund & Tislevoll, Odd Larsen A/S og Friluftsrådet Vest.