Etter å ha sett bilde av tre ganske like fuglar, er appen 99 % sikker på at arten er heipiplerke. Skjermdump: Kjetil Rydland.

Med den nye webapplikasjonen Artsorakelet kan me sjekka blomster- eller dyrearten ved å søkja med eit bilde, opplyser Artsdatabanken i ei pressemelding.


No kan du testa den nye turvennen din, ein app som på sekund hjelper deg å finna ut kva blomstrar du har plukka eller kva sommerfuglen på campingen heiter. Artsdatabanken utviklar no Artsorakelet, som er spesialisert på norske artar ved hjelp av 1,1 millionar bilde som er samla inn av brukarane av Artsobservasjoner.

Den nye appen frå Artsdatabanken gjenkjenner automatisk kva dyre- eller planteart du har komme over. Foto: Wouter Koch, CC BY 4.0.

Ta bilde, og webapplikasjonen «ser» kva art det er

I sommar inviterer Artsdatabanken det norske folk til å delta i utprøvinga av appen på mobil eller PC. Du finn Artsorakelet på orakel.artsdatabanken.no, og det er enkelt å bruka.

Dette er ein webapplikasjon som kan opnast i nettlesaren på telefon eller desktop – ikkje ein nedlastbar app.

Du tar eit bilde eller finn fram eit du allereie har tatt, og spør orakelet kva dette er. I løpet av nokre sekund får du svaret. Samtidig får du vita kor sikker Artsorakelet er på svaret. 

– Artsorakelet er blitt «trent opp» på bilde du og eg tar, ofte med mobilen, i all slags vêr og lys, og kanskje til og med i fart. Dermed er det flinkare til å tolka dine kvardagsbilde enn mange av dei andre appane som bestemmer artar, seier Ingrid Ertshus Mathisen, seksjonsleiar i Artsdatabanken.

Rapporter og lær meir om det du har funne

Frå Artsoraklet kan du rapportera funnet direkte i Artsobservasjoner, publikumstjenesta for rapportering av artsfunn. Det er i så fall lurt å dobbeltsjekka at det er riktig art først, då kan du ta snarvegen inn i Artsdatabanken ved å trykkja på artsnamnet, der du finn kvalitetssikra informasjon om svært mange artar i tenesta Arter på nett.

– Alle kan bruka Artsorakelet og dela sine funn med Artsobservasjoner. Her blir dei kvalitetssikra av ekspertar. På den måten bidrar ein til forsking og forvaltning av naturmangfaldet her i landet. Samtidig får Artsorakelet då endå fleire bilde å trena på, slik at det blir endå flinkare, seier Mathisen.

Artsdatabanken har utvikla Artsorakelet i samarbeid med Naturalis Biodiversity Center i Nederland, som er leiande på moderne naturformidling.

Lenkjer:

orakel.artsdatabanken.no

artsdatabanken.no

artsobservasjoner.no

Eit godt bilde av olavsskjegg gav 95 % treff. Eit dårleg bilde av same planten gav 98 % treff på ein heilt annan art, så det er viktig at bildet er godt og representativt. Skjermdump. Kjetil Rydland.