– Målet mitt er landsfinalen i bilcross junior i Vikedal til neste år, fortel Mari Koløen Lønning.

Ho er det nyaste skotet på stamma til Fitjar Racing Team, som stiller sterkare enn nokon gong når racingsesongen startar til helga. Under sesongopninga i Vikedal laurdag og søndag stiller sju illsinte Fitjar-bilar på startstreken.

Dessverre er ikkje Mari og Sierra-en hennar blant desse, ho må nok tolma seg litt før ho kan sleppast laus i ordinære bilcrossløp. Bil har ho fått seg til sesongen; ho har kjøpt ein Ford Sierra av Jonas Heggøy, og med 120 hk under panseret bør ho kunna hevda seg bra.

Men første sesongen blir mest som ein treningssesong for Mari. Ho fyller 15 år til hausten, og i år har ho berre lov å køyra trening og klubbløp. I det siste har ho fullført lisenskurset, slik at ho har lov å køyra. Sist laurdag gjennomførte ho den praktiske delen på banen i Vikedal.

– Det var varmt i førarhuset i godvêret, fortel Mari, men elles gjekk det greitt. Først måtte ho køyra og rygga mellom kjegler, før det bar ned på banen. Der måtte ho køyra mot andre ferskingar, øva seg på forbikøyring og å følgja med på kor de andre bilane var i banen. Mari let vel om at det gjekk fint, sjølv om bilen ber tydelege merke etter møte med autovernet …

Før den praktiske prøven måtte Mari klara teoritesten, noko som gjekk like greitt. Her må kandidatane læra å finna ut av Bilsportboka frå Bilsportforbundet, med teknisk reglement for bilcross. Ikkje minst må signalflagga lærast. På spørsmål om ho kan alle flagg, svarer Mari kontant JA!

Når dei eldsprutande bilane står på startstreken i Vikedal på laurdag, står Mari på tribunen, og ser fram til at det blir hennar tur. Det vil ikkje skje før i klubbløp i Vikedal til hausten. Men det gjeld å få mest mogeleg trening i løpet av denne sesongen, slik at ho er førebudd til det store målet hennar.

Til neste år blir landsfinalen i bilcross junior arrangert i Vikedal, og då aktar Mari å stilla på startstreken. For å kvalifisera seg til den må ho nå A-finalen eitt av løpa til våren. Berre eitt av desse går på Vestlandet, så det gjeld å vera best mogeleg førebudd. Men lukkast ho ikkje i Bergen, går nok turen austover, for til landsfinalen skal ho!

Så vidt me forstår, skal det ikkje stå på bilen, eller støtteapparatet. Broren Jonas er bilmekanikar både seint og tidleg, og garanterer at bilen til søstera fungerer som han skal.

Sjølv gler han seg som eit barn til å sleppa den illsinte Volvo-en sin laus under sesongdebuten i Vikedal til helga.