Populære NRK Hordaland fyller 85 år på måndag, og med på laget er fitjarbuen Per Vidar Raunholm, som etter kvart har blitt kjent gjennom både TV og radio.

Per Vidar, som har jobba i NRK Hordaland dei fem siste åra, seier til fitjarposten.no at han ikkje kunne ha drøymt om eit betre arbeidsmiljø å vera ein del av.

– Det er overveldande. Flinke kollegaer som alle stør opp om kvarandre og gjer kvarandre gode, seier han entusiastisk.

Per Vidar Raunholm starta sin journalistiske karriere i «Marsteinen» før han tok utdanning ved Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand. I denne samanhengen hadde han mellom anna praksis i NRK Sørlandet. Etter ein del vikariat i starten fekk han så fast stilling i NRK for tre år sidan.

Han likar godt å jobba med både radio og TV.

– Begge delar er spennande, sjølv om presentasjonsforma er noko forskjellig, let han oss få vita. Etter å ha synt seg fram i TV-ruta over tid, opplever Per Vidar elles å bli gjenkjent på gata.

– Ja, det hender nok at folk tek kontakt, men som oftast er det berre positivt, og ikkje plagsamt, smiler han.

NRK Hordaland si 85-årige historie starta elles «med totalt teknisk havari, fortsette dagen derpå med ”Just a little drink” på sveivegrammofon, ei dame som las dikt og to menn som spelte mandolin. Og så blei det igjen stille i eteren. Men berre fram til neste dag igjen, for no var eventyret i gang – og 13. desember fyller NRK Hordaland altså 85 år.», heiter det mellom anna i ei pressemelding som er sendt ut i høve «bursdagen».

Eigentleg skulle opningsdagen ha vore 12. desember 1925. Men det gjekk så aldeles galt for radio-pionerane i det som då heitte Bergens Kringkastingsselskap.

– I god tid før klokka åtte den laurdagskvelden hadde dei enno relativt få radio-eigarane i Bergen og det næraste omlandet rigga seg til med krystallapparat og hodetelefonar. Og i studio i Vestre Torggate hadde Haandværks- og Industriforeningens kor teke oppstilling, klar til radiodebut. Byens ordførar hadde òg stått parat – for første gong skulle han tala til folket gjenom dette nye tekniske vedunderet – radioen.

Men altså – feil på feil. Og ikkje ein lyd i krystallapparata som ”byens bedrestilte” hadde skaffa seg i månadane før. Så blei det i staden mandolinar og lyrikk dagen derpå, søndag 13. desember. Slik starta kringkastings-eventyret i Bergen og Hordaland, fortel pressemeldinga vidare.

Jubileet vil mellom anna bli markert med jubileumssendingar på radio, og med forteljingar frå ”hine harde dagar” på fjernsyn og på internett.

– For 85 år sidan var eit radioapparat ein sjeldan rarietet. I dag kan vi veksla mellom radio, fjernsyn og nett på ein måte som ville vore heilt uforståeleg for menneske for to-tre generasjonar sidan. Det er eit eventyr vi har vore med på, seier regionredaktør i NRK Hordaland, Unni Arnøy, og fortset:

– For menneska på Vestlandet var det starten på ei ny tid. I heile landet var det berre ei forsvinnande lita gruppe som i 1925 hadde tilgang til radioar. Men berre fem år seinare var det registrert 83.000 radiolisensar på landsbasis. Det må ha vore ein revolusjon minst like stor som då fjernsynet blei innført ein mannsalder seinare, seier ho.

Arnøy fortel vidare at NRK sitt oppdrag er å fortelja om det som skjer på Vestlandet, å avdekka forhold som treng å bli gått etter i saumane, og å underhalda radio- og fjernsynspublikum. Ikkje berre i eige fylke, men publikum i heile Noreg og langt ut over landegrensene.

Ho legg ikkje skjul på at NRK Hordaland har store ambisjonar i jubileumsåret.

– Vi er i dag det største NRK-kontoret ved sida av Marienlyst og Trondheim. Vårt mål er å utvikla oss vidare og bli større i NRK-familien enn det vi er i dag. NRK Hordaland har utvida programproduksjonen vesentleg dei seinaste åra, og ser for seg vidare vekst. Det trur eg vil vera bra for NRK, og bra for det norske publikum, seier regionredaktøren til slutt.