Det blei andreplass i NM samanlagt for Ingve André Strand, syner finrekninga etter løpet i går.

I iveren etter å vera først ute med meldinga frå Krabyskogen i går bomma både me og pressetalsmann Sigurd André Maraas ørlite grann. Det viser seg at Ingve André Strand blei nr. 2 samanlagt i årets NM i crosskart 650 ccm. Han slo Jørgen Svindal på innbyrdes oppgjer.

Dermed har han blitt nummer to tre år på rad, men sjølv seier Ingve seg godt fornøgd. Han seier han allereie gler seg til neste sesong. Det gjer me òg.