Det er i kveld endeleg stadfesta at Fitjar Idrettslag kom opp i heile 90 idrettsmerke i 2011.

Det er Øyvind Skålevik i idrettsmerkenemnda som fortel dette i ei ilmelding til Fitjarposten laurdag kveld. Han kan fortelja at han møtte nr. 90 på butikken i dag. Og no har han fått blod på tann; han kjem til å gå og handla i neste veke òg. Men om nr. 91 vil dukka opp, er nok meir usikkert.

På nettsida til Fitjar Idrettslag kan no heile 90 merketakarar finna namnet sitt på lista over idrettsmerke i 2011.