Brørne Harald og Onar Westerheim har vore i Erfurt og kapra kvar sin 8-plass i VM på skeiser for veteranar.

Den 21. uoffisielle veteran-verdsmeisterskapen i allround gikk i Erfurt fredag, laurdag og søndag. Totalt var det nesten 200 løparar fra 15 nasjonar som deltok, 37 av desse var norske. Den mest langvegsfarande var Frank Anderson fra Australia. Eldste deltakar var den gamle kjenningen Wim de Graaf fra Nederland. Han er over 80, men fullførte i fin stil. Imponerande å sjå. Han konkurrerte mot Knut «Kupper’n» Johannesen på slutten av 50-talet. I eldste dameklassen vann Tatjana Sidorova. Dei som kan sin skeisehistorie, hugsar henne som olympisk bronsemedaljevinnar på 500 meter i 1964.

Våre to lokale løparar, Harald og Onar Westerheim, deltok og gjorde fleire gode løp. Onar i klassen H60 tok ein sterk 3.-plass på 500 meter (44.27) og var også godt nøgd med tida på 5000 meter (8.05.35). Samanlagt fekk han ein 8.-plass. Harald i klassen H65, fekk og ein 8.-plass samanlagt. Han imponerte særleg på 3000 meter (4.48.77). Dette gav ein 3.-plass på distansen, og tida er ny krinsrekord i klassen. 

Tyskarane gjennomførte eit flott arrangement i Gunda-Niemann-Stirnemann-Halle. Neste år går meisterskapen i Inzell. 

Her kan du lesa alle resultata frå 21st Masters International Allround Games.