Ingve Andre Strand har blitt nummer fire i NM-runden i crosskart i Sør-Trøndelag i dag.

Meldingane frå crosskartteamet som er på veg heimover frå Trøndelag i kveld er positive. Anders Halleråker Strand kjørte bra, og enda som nummer 12 til slutt. Ingve Andre Strand blei nummer fire i A-finalen, og er med i NM-samandraget igjen.

NM-sesongen starta litt skuffande med 7.-plass i Vikedal for fire veker sidan. Derfor hadde Ingve Andre Strand bruk for eit godt resultat i dagens NM-runde, på NMK Orkla sin heimebane, Arena Wallenberg. Sist Ingve var på denne banen, ved tidlegare Løkken Verk i Sør-Trøndelag, var hausten 2012. Då vann han A-finalen i suveren stil og mangla berre eitt poeng på å stikka av med samanlagtsigeren i crosskart det året.

I dag opna Ingve Andre i like fin stil, og vann første kvalifiseringsheatet suverent. I andre omgang måtte han nøya seg med andreplassen, og etter femteplass i tredje omgang blei det sjette startspor i A-finalen. Her gjorde Ingve sine saker bra, og kom inn på fjerdeplass samanlagt.

Dermed fekk Ingve eit bra resultat, noko som var heilt nødvendig for å henga med vidare i NM-samandraget. No er optimismen tilbake i crosskartteamet. Dagens vinnar blei svensken Jonathan Walfridson, medan vinnaren i Vikedal, Ludvik Einarsen, blei nummer to. Sistnemnde har dermed sikra seg ei klar leiing samanlagt.

– Men enno er NM heilt ope, seier tilretteleggar Sigurd Andre Maraas på telefonen frå Sør-Trøndelag. – Mykje kan, og kjem til å, skje. No er me på hugget, og ser fram til NM-runden i Solør første helga i august. Det er Ingve sin favorittbane!