Onar Westerheim blei nummer 2 i klassen sin i KM sprint i Bergen denne veka.

Kretsmeisterskapen i sprint blei avvikla på Slåtthaug torsdag kveld, med solid deltaking frå Stord. Espen Brask Nordfonn vann 500 meter på 39,17 og 1000 meter på 1.20,21.

Onar Westerheim blei nummer 10 uansett årsklasse på 500 meter med 45,53 og nummer 8 på 1000 meter med 1.31,26.

Desse tidene heldt til andreplass samanlagt i klassen 60 til 100 år. Vinnar blei Brynjulf Måkestad, som vann 500 meteren i klassen, medan Onar vann 1000 meteren.

Resultata kan du lesa her.