Onar Westerheim vann både 500 og 1500 meter under NM på skeiser for veteranar i dag.

Noregsmeisterskapen for veteranar blir avvikla på Geithus i dag og i morgon, og Onar leier sjølvsagt klassen sin etter dei to distansesigrane i dag. Vinnartidene lar seg så absolutt høyra, 45,25 på 500 meter og 2.21,87 på 1500 meter.

Me ventar i spaning på framhaldet med 1000 og 3000 meter i morgon.