Ytste Sølivatnet i novembersol. Foto: Kjetil Rydland.

Me nærmar oss slutten av november, årets mest utskjelte månad, og det kan vera på sin plass å gi denne mørke, triste månaden ei viss oppreising.

Det er allment akseptert at november er den verste månaden i året, mørk våt og trist. Men det er ikkje heilt sant, enkelte av oss meiner faktisk at november er den finaste månaden i året. Det er ingen ting som slår den klåre novemberlufta og det spesielle lyset.

Rett nok er det ikkje kvart år me får så mykje glede av denne månaden, for det regnar og blæs jamt og trutt. Men no har me hatt ei veke med novembervêr av beste merke, og då nyttar me høvet til å slå eit slag for årets mest forhatte månad.

Nedanfor kjem nokre bilete som viser korfor november er den finaste månaden i året.

- Annonse -