Me har lese i lokalavisa og høyrt at ulike messer er under planlegging

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sine foreningar i Fitjar arrangerer Misjonsmesse laurdag 10. november. Då er det aktivitet på bedehuset nesten heile dagen frå kl 12.00. Nytt av året er sal av fårikål (lokale råvarer). Den som ikkje vil ha middag, kan kjøpe rømmegraut, smørbrød eller gode kaker.

Både før og etter familiemøtet kl 14.00 er det tombola og fleire åresal. Andakt ved Lars Skjeveland. På kveldsmøtet kl 18.00 talar Birger Helland. Song og musikk ved Fitjar Musikkforening. Det vert servering av smørbrød og kaker, og trekking av hovudgevinstane.

Åse Hageberg fortel til fitjarposten.no om sal av diverse handarbeid og bakverk. Ho ber oss nemne mange og flotte gevinstar på hovudlotteriet, blant anna heimelaga veggklokke, stor nøtteknekkar i tre, pyntehandklehylle, handarbeid, dobbelt sengesett og eit gåvekort (verdt 5000 kr) som kan løysast inn hos Varehuset Rydland.

Elles er det verd å ta med sal av ei skjorte til Fitjarbunad og ein barnebunad storleik 10 – 12 år.

Åse og resten av komiteen ønskjer små og store velkomne til ein triveleg dag på bedehuset!