Notabåten står no lagra på tønnefabrikken i Gloppevågen, men bygningen skal rivast i nær framtid. Båten er ein del av ein gamal tradisjon, den er i god stand, og den er verd å ta vare på. Har du plass til den?

Soga til båten er slik:
Det var vanleg at naboar gjekk saman om å kjøpa notbruk og tilhøyrande båtar. I Gloppevågen ligg nausta til gardane i Gloppo og Landa. Gudmund Gloppen fortel at tidleg på 30-talet byrja seks mann å snakka saman om at dei trong ny notbåt. Dei seks var Tarald og Hans Gloppen frå Gloppo, Johannes Landa, Taralds-Nils`n (Nils T. Landa), Mikals-Nils`n (Nils Hageberg) og Gloppe-Nils`n (Nils Gloppen), dei fire siste frå Landa.

Det var tre båtbyggjarar som konkurrerte om oppdraget: Wichmann Breivik, Jakob Breivik og ein i Bårdsundet, truleg på Sonda. Etter mange byggemøte vart dei enige om at oppdraget skulle gå til Wichmann Breivik, som var ein kjend båtbyggjar som faktisk hadde hatt båtar på utstilling i Tyskland! Gloppe-Nils`n skulle vera reiarane sin inspektør i byggeperioden, og alt gjekk bra.

Båten, som er ein spisstevning på om lag 19 fot, vart levert i 1934 eller -35. Den var i bruk berre nokre få gonger. Ein gong kasta dei med Stora-noto i Øyjordsvågen, og trudde dei hadde fått ein svær fangst. Men etter ein del haling sat nota bom fast i stein-nibber på sjøbotnen. Dei i lettbåten sleit det dei greidde, og til slutt losna det. Dei drog nota til lands, men til si store forundring kunne dei konstatera at det ikkje var ei einaste sild igjen! Dagen etter tok dei nota på land på Nesholmen for å tørka den, og då fann dei eit hol som var så stort at dei kunne dra ein færing gjennom! Der hadde silda funne rømningsveg!

Båten hadde fast plass i Mikals-Nils`n sitt naust, men der vart den i vegen etter kvart, og Karl Gloppen kjøpte båten. Han bygde nytt naust til den i Øspevikjo, men i ein stor storm for heile naustet i havet, og båten kom på rek. Den fekk ikkje alvorlege skader, men Karl gjekk langs strendene lenge og leitte etter tilfar. Han fann til slutt det meste.

Dersom du har plass til å lagra båten eller har idear om kor den kan vera i framtida, kan du kontakta kultursjef Bente Bjelland på mail, bente.bjelland@fitjar.kommune.no eller mobil 476 86208.