Laurdag 28. juli reiste Fitjar Idrettlag til Norwaycup med tre lag, J-16, G-16 og G- 14. Her kjem eit referat som har gått på omgong blant dei reisande leiarane.

Det var Knapphus turbuss som skulle køyra oss over fjellet. Turen starta klokka 9 frå Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Det var ein gjeng forventningsfulle jenter og gutar som fann sin plass i bussen i lag med lagkameratane.

Nokre såg på film medan andre snakka med sidemannen eller sov.

Me var framme klokka 18.30 på Lindeberg skule. Skulen låg ved Alnabru – eit stykke ut forbi Oslo sentrum. Jentene og gutane vart forlagt på tre klasserom som låg etter kvarandre. Lindeberg skule var ein kombinert barne- og ungdomsskule med rundt 500 elevar i eit typisk strok med mange framandkulturelle. Me blei åtvara mot at me måtte vera forsiktige med verdigjenstandar, då denne skulen tidlegare hadde vore plaga med uønska gjestar under Norwaycup.

Gutar 16
Søndagen var den første kampdagen. G-16 skulle møta Skovlunde 2 klokka 19.10 på søndagen. Spenninga var stor framføre den første kampen. Gutane blei skuffa då me fekk vita at kampen gjekk ut då laget hadde trekt seg. Men då dei forstod at dei gjekk direkte  til B-sluttspelet, gjorde det ikkje så mykje. Dei fekk då vera med i Norwaycup- opptoget, som munna ut i opningsshowet på Ekebergsletta.  Her fekk dei oppleva mange av dei mest kjende norske artistane for tida med  blant anna fleire Idol- stjerner.

Den første kampen gjekk mot Løv-Ham frå Bergen på måndag klokka 19.10. Dette var eit godt organisert lag der alle gutane på laget var fødd i 1991. Fitjar sitt lag bestod stort sett av 14- 15 åringar. Overmakta blei for stor, og gutane tapte 7-0. Verre var det at keeperen vår Vidar Vestbøstad blei skada med hjernerysting.

Dagen etter møtte me laget Klemmetsrud  frå Oslo  klokka 17.10. Førebuinga til kampen blei ikkje den beste. Me brukte T-banen for å koma inn til Oslo. T-banen stoppa heilt opp på linje 2 då det skjedde ei ulukke på Majorstuen stasjon. Gutane måtte hasta seg gjennom Oslos gater for å nå bussen ut til Ekebergsletta.

Fitjar kom godt i gong med kampen då Golf Helland scora tidleg i 1. omgang. Denne leiinga heldt dei heile 1. omgang i medvinden. I starten av andre omgang kunne Fitjar gå opp til 2-0 på ein kjempesjanse. Dessverre rakna det litt utover i 2. omgang og me tapte 1-3.

På onsdag byrja B-sluttspelet. Den første kampen gjekk klokka 9.35.

Første kampen i B-sluttspelet skulle gå mot naboen over fjorden, Søre Neset. Kampen gjekk på Furusetfeltet. Me kunne spasera ned til banen. Fitjar kom godt i gong med scoring av Golf Helland alt etter 2 minutt. Seinare auka han til 2- 0 og 3- 0.. Seinare la Eivind Berger på til 4-0, og me trudde at kampen var avgjort. Spenninga auka då dei reduserte til 4-2. Heldigvis kunne me slappa av då Leif Andre Tangen la på til 5-2. Gutane gjennomførte ein god kamp og gleda var stor over den første sigeren. Seinare på dagen møtte dei Sunndal . Det var eit godt organisert lag, men som gutane var fullt på høgde med spelemessig.  Gutane tapte 3-0 og då var Norwaycupspelet over for gutane.

Gutane var nøgde med cupen, og no kunne dei få ein fridag til andre aktivitetar i Oslo.

Fredag klokka 10 gjekk turen heim att med John Clausen. Gutane hadde hatt ei minnerik veke i Oslo. Cupen gav meirsmak, og til neste år er dei like gamle som dei andre i klassen sin. Då skal dei koma sterkare tilbake.

Gutane som var med på laget: Torbjørn Korsvik, Kjell Ove Korsvik, Brynjar T. Engelsen, Eivind Berger, Håkon M Tørnquist, Vidar Vestbøstad, Kristian Aarbø, Leif Tore N Aarland, Even Korneliussen, Leif Andre Tangen, Nils Ingard Tislevoll, Endre Willemse, Golf Helland, Stian Huseth.

93-gutter spelte følgende kampar (Gutar 14)
Første innledende kamp var mot Stryn, ein kamp me tapte 3-0.

Andre innledende kamp var mot Løvenstad/Enebakk, her tapte me 1-0, ein kamp me burde vunne.

Neste kamp var 32-dels finalen i B-sluttspel, her møtte me Vadal. Då vant me 6-0, mål av Håvard Dalen 1, Jonas Tislevoll 1, Kjell Andre Thorland 1, Henrik R. Kjelling 1 og Øyvind F. Lie 2

I 16-dels finalen møtte me Tertnes 2, der ble det også seier 1-0, mål av Øyvind.

Lyn møtte me i 8-dels finalen, då tapte me 2-1, i følgje dommeren hadde Kjell Andre det flottaste målet han hadde sett i turneringa.

Lyn vant tilslutt B-sluttspelet.

Dei tre første kampane me spelte var kl. 08.00 så me hadde god tid til og heia på dei andre Fitjar laga, samt andre aktiviteter.

Me var blant anna på bowling (der me vart beste lag og vant en gavesjekk på kr. 2000,-), Peppes, bading i Frognerbadet, grillfest på skulen saman med alle foreldra og paint ball.

Alt i alt ein fantastisk tur og opplevelse for 93/94 guttane.

Med på laget var: Mats S. Brakedal, Øystein F. Waage, Rune Brakedal, Magne Vestbøstad, Henrik R. Kjelling, Kjell Andre Thorland, Rune M. Levåg, Jørgen Fjøsne, Øyvind F. Lie, Simon Stokken, Andreas Torland, Mads D. Helland, Jonas Tislevoll, Tormod M. Tørnquist, Martin H. Vestbøstad, Tomas Malkenes, Håvard Dalen

Jenter 16
Etter fleire dagar med dugnad , mykje prat , litt fotballtrening og stor spenning var dagen endeleg komen. 12 jenter var klar for storbyen Oslo.

Fitjar sine jenter 14/15 hadde meldt seg på 7-ar fotball og måtte då stilla i 16- års klassen.

Fyrste kamp gjekk 09.00 søndag morgon ei og ei halv mil frå skulen.

Lagleiarane tok ingen sjansar og  tinga maxi-taxi.

På Abildsø vart me møtt av 40-50  grågjess på grasmatta. Gjessene vart jaga og Fitjar-supporterar dukka opp. Dette var imponerande!
Det var nok supporterane som hjelpte oss til å halda så jamnt løp med motstandar Langhus. Fitjar fekk eitt mål. Målscorar var Karina. Me  gjekk difor  av banen med eit lite tap:2-1. Jentene jobba godt og me var alle nøgde med resultatet.

Neste dag var det ny innleiande kamp mot Gjerstad. Hadde innsatsen vore god dagen før, var den i alle høve dobbel så god denne dagen. På ein blaut åkerliknande bakke sleit jentene seg fram og avslutta med eit tap på 1-0. Slett ikkje verst! Kjempeinnsats! Sko og drakter var mest einsfarga BRUNE……

Tysdagen fekk me nye gamle drakter på og møtte Haddal på ein fin grasbakke i nydeleg sommarver. Jentene var gira på oppgåva men kom tilkort også denne gongen. Ingen grunn til å deppa: 1-0 tap kan me leva med. Me treng nok litt meir samspel- og kondisjonstrening. Det tek me med oss heim til Fitjar att……

Då vart det ikkje fleire kampar på jentene våre. Dette hadde vore både kjekt og lærerikt. No kunne me bruka tida på sidelinja til å sjå på gutane og elles sjå kva byen kunne by på.

Då skal de heime vite at me vart betre på meir enn fotball denne veka. No kan alle jentene ta seg fram i Oslo anten me snakkar om trikk, T-bane, buss eller taxi!  Me har shoppa og vore på Tusenfryd i tillegg til alle aktivitetane på Ekebergsletta. Dessutan har me hatt tid til pizzakos på kvelden og grilling med alle Fitjarfolka på skulen vår. Me kan verkeleg ta vare på kvarandre og er blitt ein godt spleisa gjeng!
Me har og lyst å takka alle  frå Fitjar som var på sidelinja i kampane våre. Det var triveleg det!

Med på laget: Johanne Fangel Brekke, Johanne Skumsnes, Synnøve Tislevoll, Synnøve Helland, Yvonne Kongestøl, Andrea Christensen, Martine Engelsen, Malene Drønen, Miriam Børtveit, Mai Helene Korsvik, Madel Helland og Karina Haaland.

Avslutningsvis vil me takka for nydelege baguettar levert av Annemors på veg aust og påsmurde rundstykke i Flatdal gjennom Spar-kjeda og Odd Larsen på heimvegen. Her fekk me henta oss påsmurde rundstykke i Flatdal med eplejuice attåt. Filialen på Rydland gav oss brus på veg austover. Me vil og takka for dugnadspengar frå ulike firma i Fitjar. Dette gav oss høve til å gjera kjekke ting i Oslo og turen blei rimeleg for både gutar og jenter .

Sigbjørn Aarland
-lagleiar  G-16-

Rune Brakedal
-lagleiar  G-14

Gunn Evy Nilsen Haaland
-oppmann J16