Onar Westerheim har vore med på Norgescup 3 på Hamar i helga og kjem heim att med norsk rekord på 5000 meter.

Onar seier til Fitjarposten at han er svært godt fornøgd med resultata i helga. Best gjorde han det på 5000 meter, der han sette ny norsk rekord i sin årsklasse, med 8.02,09. Men også tidene på 1000 meter og 1500 meter lovar godt for sesongen vidare. Både 1.28,39 og 2.15,61 er årsbeste for Onar, og betre tider enn han klarte å oppnå førre sesong. Også 44,49 på 500 meter var bra, sjølv om han har betre frå før denne sesongen.

Dermed ligg alt til rette for ein betre sesong i år enn i fjor, seier Onar til Fitjarposten. Plasseringane blei ikkje all verda denne helga, men det kjem av at han gjekk mot mange løparar som er yngre. Så denne gongen var han mest oppteken av tidene, og er svært godt fornøgd.

Neste storløp for Onar blir det årlege veteranstemnet i Erfurt 1. – 2. desember. Då vonar han å få med seg bror sin Harald og ein kollega frå Stord. Men dei store måla for Onar i år er VM i all round i Inzell i februar, og sprint-VM i Salt Lake City i mars. Han reiser gjerne «over dammen» i god tid for å finpussa formen i Calgary før han reiser vidare til Salt Lake. Kanskje han og vil prøva seg på verdsrekordar medan han er på den superraske canadiske isen.