Lokalforeininga for Norsk Misjon i Øst, som frå 1. januar 2012 heiter Stefanusalliansen, markerer i helga at dei har runda 40 år.

Foreininga her på Fitjar vart starta i november 1971, og førstkomande laurdag vert det fest og basar på Fitjar bedehus.

Til festen kjem ungdomskonsulent Hilde Skaar Vollebæk frå misjonen sentralt, og som songkrefter har ein henta inn «Praise Him».

– Det vert servert blautkake, kaffi og saft. Åresal og loddsal høyrer sjølsagt med, seier Annlaug Hovstad i foreininga. Ho vonar at mange får lyst å koma på bedehuset denne dagen.

Årsaka til organisasjonen si namneendring heng saman med at organisasjonen ikkje lenger berre arbeider i aust, men òg i andre delar av verda. «Øst» er då misvisande.

Men det må understrekast at Stefanusalliansen er den same misjonsorganisasjonen som Norsk Misjon i Øst var. Ingen statuttar er endra.