Onar Westerheim har blitt norsk meister på skeiser i klassen sin etter fire strake distansesigrar på Geithus i helga.

I år stiller Onar i klassen 65 år og vann NM i suveren stil med siger på alle distansane. Nærmast i alle løpa kom den tidlegare verdsmeisteren frå Bjugn, Alf Gjølga. Også Harald Westerheim imponerte på Geithus, spesielt på dei to lengste distansane. Med 3.-plass både på 1500 og 3000 meter kunne han innkassera 3.-plassen samanlagt.

Onar fortel til Fitjarposten at dette er det beste han har gjort nokon gong i denne samanhengen. Han har vunne enkeltdistansar i NM før, men aldri fått med seg samanlagtsigeren. Den gamle rivalen Erik Vea stiller i år i ein yngre årsklasse enn Onar, men også han ville hatt si fulle hyre med å halda Onar bak seg denne helga. Berre vel to sekund skilde dei to på den avsluttande 3000-meteren i dag.

Dei to stordabuane Jan Henriksen og Frank-Einar Pedersen klarte ikkje heilt å halda følgje med klubbkameratane sine frå Fitjar på dei lengste distansane. Men resultatlistene, som du kan lesa her, viser at også dei gjorde sine saker bra på Geithus. Ein 4.-plass og to 5.-plassar på Jan Henriksen var svært bra.

Skeisemeisteren frå Fitjar har ikkje tenkt å kvila lenge på laurbæra. – Om to veker går turen til Stavanger og Masters-stemnet der, avsluttar ein fornøgd Onar Westerheim på telefon frå Haukeligrend søndag kveld.

Resultat frå NM på Geithus i klassen M65:

500 meter
1. Onar Westerheim, Stord    45.25
2. Alf Gjølga, BØSK        45.92
3. Martin Meland, BØSK        46.59
4. Jan Henriksen, Stord        47.67
5. Magnar Langvik, TSK        49.06
6. Gunnar Flenstad, BØSK    49.30
7. Kjell Guldteig, BØSK        49.37                                
8. Harald Westerheim, Stord    49.69                            
9. Frank-Einar Pedersen, Stord    52.56    

1500 meter
1. Onar Westerheim, Stord    2:21.87
2. Alf Gjølga, BØSK        2:24.02
3. Harald Westerheim, Stord    2:30.06
4. Kjell Guldteig, BØSK        2:33.58    
5. Jan Henriksen, Stord        2:34.32    
6. Gunnar Flenstad, BØSK    2:34.46        
7. Magnar Langvik, TSK    M65    2:34.89    
8 Frank- Einar Pedersen, Stord    2:43.51    
Martin Meland, BØSK    M65    dq.
    

1000 meter
1. Onar Westerheim, Stord    1:32.57    
2. Alf Gjølga, BØSK        1:32.70    
3. Martin Meland, BØSK         1:34.85
4. Kjell Guldteig, BØSK        1:38.64    
5. Jan Henriksen, Stord        1:39.01    
6. Gunnar Flenstad, BØSK    1:39.08                            
7. Harald Westerheim, Stord    1:39.32        
8. Magnar Langvik, TSK        1:40.16    
9. Frank-Einar Pedersen, Stord    1:46.05    
        
3000 meter
1. Onar Westerheim, Stord    5:00.39
2. Alf Gjølga, BØSK        5:10.11
3. Harald Westerheim, Stord    5:11.93    
4. Martin Meland, Martin    5:13.72    
5. Kjell Guldteig, BØSK        5:28.11    
6. Magnar Langvik, TSK        5:30.57    
7. Gunnar Flenstad, BØSK    5:37.57        
8. Jan Henriksen, Stord        5:49.41    
9. Frank Einar Pedersen, Stord    5:50.40