Onar Westerheim vann årets NM på skeiser for veteranar i Harstad i helga.

Onar var heilt suveren og vann alle fire distansane i den vesle firkampen i klassen M65. Samanlagt blei sigeren på heile fire og eit halv tidspoeng, framfor Alf Gjølga på andreplass. Bjugn-løparen var den einaste som kunne by Onar litt konkurranse i helga. Men berre på 500 meter, der Onar vann på 45,59, eitt tidel før Alf Gjølga.

Harald Westerheim sleit som vanleg med å hevda seg på 500 meter. Men etter tre gode løp på dei lengre distansane blei han nummer tre samanlagt. På 3000 meteren gjekk han i par med bror sin, og sikra seg ein klar andreplass på distansen.

Det faste reisefølgjet for Westerheim-brørne, Jan Henriksen frå Stord, stiller i 70-årsklassen. Han har all grunn til å vera fornøgd med turen, etter at han vann sitt første NM-gull på skeiser, med tida 47,70 på 500 meter.

Fjerdemann i følgjet frå Stord var ungsauen Jan Aas, som stilte i klassen M45. Han sikra seg ein knapp siger i klassen sin etter å ha vunne dei to kortaste distansane.

Den ferske noregsmeisteren frå Fitjar fortel om eit vellykka arrangement i Harstad, arrangert av klubben til Svein Erik Sogge og europameister på skeiser i 1963, Nils Aanes. Naturisen var litt blaut i 1-2 plussgrader, og burde nok vore litt hardare. Men elles var det stilt og opphaldsvêr og gode forhold, fortel Onar.

Neste post på programmet hans er sprint-NM i Bergen i slutten av denne veka. Og om knappe to veker er det tradisjonelt Masters-løp i Vikingskipet på Hamar. Då kan det vera von om litt betre tider.

Resultat frå NM for veteranar kan du lesa her.