Nora Helland og Turid Sandvik var som vanleg i fremste rekkje på julemessa, det same var Ellen Karoline Hovstad (i bakgrunnen). Foto: Kjetil Rydland.

Laurdag skipa Normisjon-foreininga i Øvrebygda tradisjonen tru til julemesse i gymsalen på skulen, og samla inn pengar til sjuke i Nepal og Bangla Desh.

Kanskje det var litt betre plass i gymsalen i år enn i fjor, men mange nytta høvet til å kome saman for å prate med kvarandre og drikke kaffi under julemessa i går. Etter kvart vart det god avsetnad på diverse handarbeid, brakekransar og bakverk som var til sals.

Det kom etter kvart brukbart med folk på julemessa i gymsalen på Øvrebygda skule. Foto: Kjetil Rydland.

Pengane ”sat laust” og det gjekk unna med sal av lodd og årar også. Denne gongen var det to tippekonkurransar me kunne prøva oss på.

Håkon C. Hartvedt heldt andakt, og kontaktperson i Øvrebygda Normisjon, Ellen Helland, orienterte om sjukehusprosjektet i Nepal, som vanlegvis har fått all inntekta av denne messa. I år må dei dela inntekta med Hallgeir Haaland frå Stord og arbeidet hans i Bangla Desh.

Etter ei lang økt med trekking av åregevinstar, fruktkorger og hovudgevinstar, var det tid for å gå heim. Det er over 30 år sidan Helland og Hovstad Normisjon begynte å lage til julemesse.

Sigrunn Gerhadsen med ein brakakrans som ho hadde laga sjølv. Foto: Kjetil Rydland.
Håkon C. Hartvedt heldt andakt. Foto: Kjetil Rydland.