Komande laurdag har du sjanse til å vinne ein eller fleire fine gevinstar.

Ta turen til Øvrebygda skule der Hovstad og Helland Normisjon ønskjer velkommen til sal av ymse handarbeid, brakekransar, matvarer, årer og lodd. Ellen Helland fortel til fitjarposten.no at salet startar kl 14.30. Elles vert det trekking av loddbøkene som er selde rundt om i bygda. All inntekt på messa går også denne gongen til Normisjon sitt sjukehus-prosjekt i Nepal.

Ta deg tid til ein god drøs med gratis kaffi, saft og kaker. Song og andakt ved Håkon C Hartvedt.

Du kan og lese om dette i kalenderen til fitjarposten.no.