At det har blitt barnehage i bedehuset i Dåfjorden hindrar ikkje at drifta av bedehuset går som normalt.

Solbjørg og Magnor Tverderøy skal ei tid framover bruka bedehuset i Dåfjord for å driva barnehage til glede for bygdefolket og kommunen ellers, for å få god nok barnehagedekning i Fitjar kommune. Samstundes vil styret i Dåfjord presisera at bedehus-aktivitene går som før. 

Til helga startar opp att Lørdagstreffet, 30. oktober skal det vera basar og 1. desember vert det gudsteneste, og fleire arrangement vil nok koma til etter kvart.

– Me ynskjer Solbjørg og Magnor lykke til med drifta, og ser fram til eit godt samarbeid i bedehuset, heiter det i ein e-post frå bedehusstyret.