Då Noregsmeistrane våre i 2. div. brass, Fitjar Skulekorps, kom heim ifrå turen sin i dag tidleg, stod fungerande ordførar, Agnar Aarskog, klar med blomar og rosande ord. Foto: Helga Rimmereid.

 

Blomane vart overrekt dirigent Svein Roger Koppang har  gjort ein kjempejobb med dette korpset.

Aarskog som har vore mykje i Kulturhuset i ymse samanhengar, hadde vidare merkt seg kor intensivt dei hadde øvd før NM, og sa:
-Eit slikt resultat kjem ikkje av seg sjølv. Dette kjem som eit resultat av djerv innsats frå heile gjengen – og ei god foreldregruppe.

Så la han til: -Og eg vert ikkje forundra om de er med i sluttspurten når neste års ambassadørpris skal delast ut i Fitjar!