Alaa med leiar for Frivilligsentralen, Ellinor Austad Bergesen. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Pressemelding: I kommuneproposisjon 2021, foreslår regjeringa at vedtaket frå 2016 kor tilskot til frivilligsentralane vert lagt inn i innbyggjartilskotet frå 2021, vert utsett med 1 år. Norges Frivilligsentraler er glade for at regjeringa no har satt bremsene på.

Vi har arbeidd tett med kulturkomiteen på Stortinget, og vi opplever at det er tverrpolitisk semje om at frivilligsentralane er heilt sentrale for utviklinga av den lokale frivilligheta.

Ei viktig del av suksessfaktoren til frivilligsentralane har vore ei statleg finansieringsordning. At vedtaket frå 2016 no er foreslått utsett, ser vi på som eit veldig positivt teikn på at regjeringa òg ser at innbyggjar-basert tilskotsordning vil medføra store kutt for fleirtalet av landets frivilligsentraler.

Norges Frivilligsentraler ser fram til å arbeida vidare saman med Stortinget og regjeringa for å finna ei ny framtidig løysing. Vi har foreslått ei skisse til løysing kor øyremerkinga til frivilligsentralane vert fjerna, men som òg sikrar bærekraftig og forutsigbar drift og utvikling av landets frivilligsentraler.