Odd Nordstoga kjem til Fitjar og har konsert i Kultursalen, fredag kl 19.00.

Det er i 2014 ti år sidan Odd Nordstoga slo gjennom for alvor i norsk offentlegheit. Plata heitte Luring, og songen heitte Kveldssong for deg og meg, eller Grisen står og hyler, som den skulle bli kalla av publikum.

Sidan den gongen har Nordstoga gjeve ut ytterlegare fire soloplater i tillegg til TV-seriemusikken til Linus i Svingen, megasuksessen Strålande Jul saman med Sissel Kyrkjebø og årets album Heimafrå, saman med Noregs nye songskatt – Ingebjørg Bratland. Sistnemnde er av VG kåra til ei av årets ti beste plater. 

Grisen var fyrst. Men sidan 2004 har låtar som Lause ting, Dagane, Frøken Franzen, Bestevenn, Ein farfar i livet, November, Farvel til deg og mange fleire vakse seg fram og forbi i folks medvit og gjeve Nordstoga ein unik plass i norsk musikkliv. Med ein bunke kanonlåtar i bagasjen skal publikum takast med gjennom ti år med Odd Nordstoga og feire både musikken og kjærleiken.

(Annonse)