Det var ein utmatta, men stornøgd gjeng med unge Fitjarmenn som klappa til Larsen sin kai om ettermiddagen 16. mai etter å ha kryssa Nordsjøen.

Siglasen tok til frå Fitjarvika onsdag 12. mai, og me var framme ved målet vårt, Shetland om lag 28 timar seinare.  Dei siste 10 timane før me var framme i Lerwick hadde me til dels heftig sjøgong. Her fekk besetninga ombord kjenna på dei enorme kreftene som rår ute på havet.

Vel framme var det godt å kjenna fast grunn under føtene, store bylgjer tærer på kreftene, og det var godt å få eta eit godt måltid mat frå ein plett som det ikkje var kast i. Dagen på Lerwick nytta me til å sjå oss kring i den koselege byen med fine murbygningar, kjend for dei fleste etter at ”Himmelblå” serien vart innspelt der.

Returen frå Shetland starta i strålande solskin og passeleg vind, det var optimale siglehøve. Det var ei mektig oppleving når skipper om bord på seglbåten Jørund Fjøsne manøvrerte nær dei mektige klippeformasjonane som kransar kring dette forblåste landskapet 180 sjømil vest for Stordøya. Heimturen vart rolegare i starten, men når Norskekysten nærma seg vart regn og  kuling eit faktum.

Det unge mannskapet med eit par fedre medbrakt vil gjerne få retta ei stor takk til skipperteamet Jørund og Jørgen for ein fantastisk sigletur. Kameratane til Jørgen har fått ei oppleving som dei aldri vil gløyme. Dei har lært mykje, kanskje mest har dei lært alt dei ikkje kan. Ombord på ein båt midt ute i Nordsjøen vert samhaldet sterkt og evna til samarbeid vert avgjerande for framdrifta.

Mange takk for turen helsing frå Øystein, Rune og Martin samt Willfred og Magne.