Tre poeng etter 3-0 over Nordre Fjell

A-laget til Fitjar leverte noko som minte om årsbeste i vindròsene i Fitjar Idrettspark i går, og kapra tre velfortente poeng mot Nordre Fjell.

Det var heimelaget som hadde mest trong for poenga i 4.-divisjonskampen på Fitjar-graset laurdag ettermiddag, og det var dei som beherska den lunefulle vinden best. Dei tok straks tak i kampen og hadde god kontroll i medvinden heile første omgang. Etter eit par fine forsøk av Kjell André Thorland i byrjinga av kampen blei det utteljing då det hadde gått rundt 25 minutt. Same mann la eit fint frispark frå skrå vinkel inn i i feltet. Helge Træet kom på nærmaste stolpe og styrte ballen fint i mål.

På slutten av omgangen noterte me fleire fine forsøk av Badi Hurasi, Kjell André Thorland og målscorar Helge Træet. Men gjestee frå Nordre Fjell var heldige og kunne gå til pause med 0-1, etter ein omgang som Fitjar dominerte totalt.

I motvinden etter sidebyte blei det vanskeleg for heimelaget å halda oppe det gode spelet, men også no stod Fitjar for dei fleste sjansane. Etter seks minutt blei Thomas V. Waage spelt fint fri av Kjell André Thorland, og scora sikkert åleine med keeper. Litt seinare burde det stått 3-0, då Badi Hurasi kom åleine med keeper. Men i staden for skot, blei det ei dårleg pasning over mot Mats Westvik, som ikkje nådde fram før keeper kom imellom.

Elles hadde Thomas V. Waage fleire forsøk som enda i tverrliggjaren, eller i nevane til den gode gjestekeeperen, David Heimnes. På slutten av kampen gjorde gjestene det vanskeleg for seg sjølve med høglydte protestar mot dommaren, og fekk ein mann utvist med to gule kort. Dette gjorde nok saka litt lettare for Fitjar i dei variable vindròsene. Badi Hurasi måtte gå ut etter mykje hardhendt behandling av sinte gjester, men erstattaren hans, Sebastian T. Thomassen, fekk gleda av å leggja på til 3-0 heilt på slutten. Han kom åleine med keeper etter å ha blitt spelt gjennom av Mats Westvik.

Det nærmaste gjestene kom scoring var då Torbjørn Korsvik heada i eigen tverrliggjar rett før slutt. Fitjar leverte kanskje sin beste kamp av året. Som vanleg blei Kjell André Thorland utropt til dagens beste Fitjar-spelar. Også Helge Træet kunne fortent middag for innsatsen i går. Det same kan seiast om Mats Westvik, som spelte ein god kamp på midtbanen. Elles var det jamt bra innsats av Fitjar denne gongen, og dei stod kampen betre enn me frykta. I sluttminutta tillét trenar Kjell Træet seg å sleppa innpå ein del ungdommar, utan at det gjekk nemneverdig ut over spelet. Det viser at Fitjar-fotballen truleg har ei framtid.

Framleis slit Fitjar i botnen av 4. divisjon, men gårsdagens siger gjer at dei ikkje har rykt ned enno, og det kan bli spenning utover hausten.

 


Helge Træet viste seg som ein farleg mann mot Nordre Fjell, og spelte ein gjennomført god kamp. Foto: Kjetil Rydland.

 


Thomas V. Waage hadde mange fine forsøk, og Nordre Fjell kan takka keeper og flaks for at det ikkje blei meir enn eitt mål på Fitjar-spissen. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Nordre Fjell 3-0 (1-0)
Seriekamp 4. divisjon, menn
Laurdag 12. september kl. 16.00
Fitjar Idrettspark
Publikum: 100
Dommar: Michael Szajnfeld, Flaktveit Idrettsklubb
Assistentdommar: Julie Salmo, Leirvik BK

Fitjar sitt lag: Aleksander Henriksen, Emil Fitjar (Svein Arne Raunholm 89.), Torbjørn Korsvik, Nils Ingard Tislevoll, André Helland (Thomas Koløen 89.), Helge Myrmel Træet, Kjell André Thorland, Mats Westvik (Rolf Solli 89.), Badi Hurasi (Sebastian T. Thomassen 65.), Jonas Tislevoll (Sander Tverborgvik 81.), Thomas Vestbøstad Waage (Adrian Mehammer 81.).

Mål: Helge Myrmel Træet (26), Thomas Vestbøstad Waage (51), Sebastian T. Thomassen (87).

Gult kort: Kjell André Thorland (76), Fitjar; Stein Erik Strømsnes (59), Preben Haugro Solsvik (60) og Endre Bendiksen (65), Nordre Fjell
Raudt kort: Endre Bendiksen (65) 2 x gult kort