Det var nordlys over Fitjar i natt, og Kjell Korsvik har sendt oss bilete.

Han følgjer godt med på nordlyset, og fortel at det har vore mykje nordlys i vinter, men dessverre har det oftast vore overskya.

I natt fekk han gleda av å ta fleire fine bilete, som han deler med oss. – Det var litt vanskelege lysforhold på grunn av månen, seier han. Men resultatet er då ganske bra, synest me.

Han seier at det kan komma nordlys igjen til natta, sjølv om det er vanskeleg å garantera noko. Det kan såleis vera vel ver å følgja med ute, og få med seg ei fin naturoppleving.