Irriterande mykje veps, strålande sol og 1300 galne nordiske ungdommar. – Å, so du har vore på Nordisk 4H leir i Danmark?

Fredag 22. juli kl 20.00 la eg og ein gjeng andre 4H-arar frå Hordaland ut på ei ferd frå Bergen. Destinasjon: Nordisk leir i Viborg, Danmark saman med 1300 andre nordiske 4H-arar.

Ferda gjekk til Voss der me plukka opp resten av ungdommane frå Hordaland som skulle vere med på leir. Deretter venta 10 timar med buss til Larvik. Klokka 08.00 laurdags morgon gjekk ferja frå Larvik, og etter nesten fire lange timar var med framme i Hirtshals. Her venta to timar til med buss før me var framme i Viborg.

I Viborg møtte med resten av deltakarane frå Hordaland 4H (ca 10 stk som hadde kjørt med bil sjølv). Deretter sette med opp telta våre, fekk i oss middag og deltok på opningsseremonien, før me heiv oss på jakta etter gamle og nye leirvenner.

Under opningsseremonien hadde me eit minutt stille for dei drepne på Utøya og i Oslo. Deretter la me hendinga litt til sides, så me ikkje skulle få ein trist og øydelagt leir, men dei som ville kunne snakka saman og tenne lys på eit rom når dei ville under heile leiren.

Søndag sto bli-kjent-leikar og tunbygging for tur. Me vart delt i tre ulike fargar og ulike grupper. Fargen bestemte kva aktivitet me skulle på dei ulike dagane, og gruppa var dei me skulle vere med under dei ulike aktivitetane. Under bli-kjent-leikane vart du kjent med dei andre på gruppa di på ein morosam måte. Under tunbygginga bygde me i Hordaland 4H eit stativ til banneret vårt og eit tårn.

Om kvelden byrja talentiaden, og etterpå var det musikk/dans og sosialt samvær til ein ville leggje seg..

Måndag, tysdag og onsdag var det workshops eller utflukt. Fargen du hadde fått fortalde deg kva du skulle på kva dag. Enten skulle du på vere att i leiren og velje deg ein aktivitet til dømes dansing, synging, skattejakt, forsking, osv – eller så skulle du på utflukt til eit akvarium eller ein aktivitetspark.

På kveldstida vart andre del av talentiaden arrangert på måndagen. På tysdag var det klart for green sensation, eit danseparty der alle måtte gå i grønt.

Verdsrekord i stomp

Onsdag kveld hadde med stomp generalprøve. Stomp er når mange folk syng, dansar og speler på ulike instrument eller ting, i vårt tilfelle svarte baljer, metallboksar og vasskanner. Målet: å slå verdsrekord i stomp med å vere flest muleg folk i over 7 minutt som utfører stomp. Generalprøva gjekk kjempefint og etterpå var det swingkveld.

Torsdag 28. juli var det tur til Viborg. På veg til Viborg løyste med postar gruppevis. Før me fekk gå fritt fram til 14.30. Halv tre måtte me alle møte der me skulle utføre stompen. Guiness World of records stilte med dommarar, og dansk media var på plass. Me knuste rekorden, og alle me som var med på stompen er no del av ein verdsrekord. Som belønning fekk me vere meir i Viborg, så lenge me var tilbake til det daglige kveldsmøtet. Om kvelden hadde danskane skaffa eit live-band, og me dansa til langt på natt, sjølv om me var ganske utslitne etter den lange gåturen att og fram til Viborg.

Volleyballturnering og talentiade

Fredag 29. juli var det klart for den store volleyball turneringa. Volleyball er jo 4H sporten, og det er alltid turneringar på leirane. Me som ikkje skulle spele sneik oss til å sove litt ekstra. Om kvelden var det finale i talentiaden der ei kjempe-talentfull jente frå Noreg vann med eigenskriven song og gitarspel. Seinare på kvelden var det avslutningsseremoni rundt bålet. Me song leirsongen og tende lys.

Laurdag 30. juli var dagen for heimreise, og når me frå Hordaland 4H fór kl 08.30, var allereie mange byrja på heimreisa si. Resten av laurdagen gjekk i buss, ferje med tax free-handling og meir buss. Klokka 22 vart eg og dei som skulle til Sveio sett av på Seljestad, før bussen for vidare til Voss via Odda. På Seljestad vart sveiobuarane henta, og eg sat på med dei til Haukås der eg vart henta av mamma og pappa i 24 tida.

For å oppsummere veka var det ei fantastisk veke med fint ver bortsett frå litt regn ein føremiddag, lange køar til både do, dusj og mat, spennande utfluktar og aktivitetar, masse dansing og sosialt samvær og mange nye venner som eg satsar på å møte att på landsleir i Buskerud til neste år.