Fitjar KrF har hatt nominasjonsmøte og Ingebrigt S. Sørfonn vart sett opp på 1. plass på lista til Stortinget for KrF i Hordaland. Valet var samrøystes.

Ingebrigt S. Sørfonn har i 3 periodar representert Hordaland KrF på Stortinget. I to periodar har han delteke i Finanskomiteen og ein periode i Næringskomiteen.

Det var god oppslutnad om nominasjonsmøtet som samrøystes ville ha Ingebrigt S. Sørfonn på  1. plass på lista til Stortingsvalet 2009.