Sigurd Andre Maraas. Her saman med Ketil Solvik-Olsen. Arkivfoto: Kjetil Rydland/Fitjarposten

Sjå kven som står på val for Fitjar Frp til haustens kommunestyreval.

– Me er glade for å kunne stille ei veldig god liste denne gangen. Ei liste med breidde med tanke på politisk erfaring, kunnskap, yrkeserfaring, geografi, alder og personlege eigenskaper, seier gruppeleiar i Fitjar Frp, Sigurd André Maraas.

Maraas tok sjølv attval på topp, og er samtidig partiet sin ordførarkandidat.

– Eg var lenge i tenkeboksen for vidare attval, men når resten av kandidatene var klare og hadde stilt seg til disposisjon for lista så var valet enkelt. Dette er eit godt arbeidslag.

Maraas og Frank Solli er begge kumulerte.

– Fitjar kommune treng eit sterkt Frp i perioden som kjem. Me håper på mange gode innspel i programarbeidet vårt, og er klare til teneste for å gjere kvardagen litt enklare og betre for innbyggjarane i Fitjar kommune kvar dag i fire nye år.

Her er alle kandidatane til Fitjar Frp:

Nr. Førenamn Etternamn Føds.år Stilling
1 Sigurd Andre Maraas 1975 Industriarbeider
2 Frank Solli 1971 Maskinist
3 Terje Stokken 1952 Industriarbeider
4 Ingfrid Gloppen 1962 Sjukepleiar
5 Odd Jarl Larsen 1966 Industriarbeider
6 Martha Linn Vik 1989 Adjunkt
7 Åge Nesbø 1970 Industriarbeider
8 Anne Merete Opshaug 1978 Apotekteknikker
9 Salomon Aarbø 1955 Pensjonist
10 Jostein Skram 1956 Rallar
11 Bjørn Inge Kleppe 1986 Maskinsjef
12 Karl Even Helland 1962 Blikkenslager offshore
13 Bjarne Heggøy 1949 Pensjonist
14 Eivind Sævdal 1961 Sjømann
15 Anja Kleppe Maraas 1986 Spesialhjelpepleier
16 Ole Vidar Helland 1956 Pensjonist