Straumen er no tilbake dei fleste plassar, men manglar framleis i området rundt Fitjar Bedehus og Rimbareid Skule.

-Det var kl. 9:40 i dag tidleg at ein høgspentkabel mellom Fitjar Bedehus og Larsen Multihandel kortslutta. Og Kraftlaget har sidan arbeidd for å finne ut akkurat kvar på kabelen feilen ligg, slik at ein kan skøyte med ny leidning der skaden er. 

-Det er eit omfattande arbeid der me må nytta eliminasjonsmetoden, seier vakthavande Edmund Helland i Fitjar Kraftlag, og legg til:

-Mange plassar er likevel klarert, og har fått straumen tilbake. Men framleis er trafoen ved Fitjar Bedehus og Rimbareid skule ute, og eg er redd for at det kan gå mot både ettermiddag og kveld, før dei òg får straum igjen, legg Helland til.