Vidar Larsen fortel at det kostar å driva "post i butikk". Foto: Ingrid Hovstad

Frå 1.juli vert det slutt på banktenestar via postkontor og «post i butikk». Dagleg leiar i Fitjar Detaljhandel AS, Vidar Larsen, kjem ikkje til å sakna å driva tilbodet, og meiner folk må få eit nytt syn på kontantar.

I mange år har kundar av DNB kunna tatt ut og sett inn pengar, betalt rekningar og sjekka saldoen på postkontor, og på plassar der dei tilbyr «post i butikk». No er avtalen sagt opp, og frå 1.juli forsvinn tilbodet.

DNB skriv på sine nettsider at dei først prøvde å få andre bankar med på dagens løysing med banktenester gjennom posten. Når dei ikkje fekk til det sa dei opp avtalen med posten, og kjem med ei nye løysing. No vil dei tilby innskot og uttak av kontantar i ein del av Norgesgruppen sine butikkar.

Forbrukarrådet var blant dei som syntest det var synd at DNB ikkje fekk med seg dei andre bankane på løysinga, og fagdirektør Jorge Jensen uttala dette til dinside.no:

–  Vi ser at Post i butikk er en utrolig viktig tjeneste for vanlige forbrukere som trenger å løse enkle, hverdagslige banktjenester, spesielt med tanke på færre bankfilialer og tidvis lang reisevei til banken.

Kva med kundane sine behov?

Posten tykkjer det er dumt at dei ikkje klarte å bli einige med DNB, og bekymrar seg for kundane i ei pressemelding.

– Vi synes det er synd at det ikke har vært mulig å få til en ny avtale om banktjenester i postnettet med resten av bankfellesskapet – noe DNB og Posten har jobbet for i lang tid. Vi er redd for at kunder ikke får dekket sine behov for banktjenester, sier konserndirektør Christian Brandt i Posten.

Foto: Ingrid Hovstad

På Fitjar er det Fitjar Detaljhandel AS som driv «post i butikk» og dermed banktenester for DNB. Dagleg leiar Vidar Larsen vil ikkje sakna å driva tilbodet.

– Det er ein del forbrukarar som nyttar tilbodet, og dei kjem nok til å sakna det. Me derimot vil ikkje. Det kostar oss pengar å driva tilbodet, som når folk setter inn pengar. Då må me bestilla Nokas til å henta dei, og me må betala Nokas for å få bytta til oss rett valør. Eg har ikkje høyrt om nokon med tilbodet som vil sakna å driva det, fortel Larsen.

Bankane må ta ansvar

Larsen fortel at tilbodet som vert nytta mest er det å setja inn pengar på konto.

– Giro innbetaling kostar 100 kr, medan innskot er gratis. Innskot er ogso populært sidan det vert vanskelegare og vanskelegare å få til. Det er jo så vidt bankane sjølv tek i mot kontantar i dag. So organisasjonar og verksemder har brukt oss ein del, men å stå her i 2 timar å telja mynt etter ein basar kjem eg heller ikkje til å sakna, småler Larsen.

Larsen meiner folk må få eit nytt syn på kontantar.

– Dei fleste har jo bankkort, so kvifor nokre enno tek ut pengar med kortet i minibanken for å so handla hos oss med kontantar forundrar meg. Samtidig meiner eg at bankane har eit ansvar. Dei kan ikkje berre gje utan å ta. Om dei skal fjerna bankfilialar og nattsafe må dei ogso syta for opplæring i nettbank og kortbruk, avsluttar Larsen.