I samband med jubileumsgudstenesta i Fitjar kyrkje vart folk oppfordra til å prøva å ta seg til kyrkje på gamlemåten. Og nokre tok turen over fjellet.

I alt var det fire menn og to kvinner som følgde kyrkjevegen over fjellet frå Hovland. -Det vart i det heile ein fin tur. Det var kjøleg, men stille då me starta, som vart sparte for den bitande nordavinden.

«Stigfinnarane» på Stranda har brukt dei siste dagane til å merkja stien frå Hovland til inntaksdammen ved Kyrkjevatnet. Sidan dette er ein priva sti, er den merkt med blått. Og den var heller ikkje vanskeleg å finna.

Men stien frå Kyrkjevatnet og ned til Fitjarstølane kunne gjerne vore både opprusta og merkt noko betre. Så har kanhende Turlaget ei utfordring.