Dersom du går og leitar etter sykkelen din, bør du ta ein tur til Helland.

Der ligg det ein svart DBS gutesykkel i grøftekanten, og der har han kanskje lege fleire veker. Når du kjem køyrande frå Fitjar, ser du sykkelen på venstre side av vegen litt før det store granfeltet på Helland Nord.