Pressemelding: Sommaren 2020 blir ein svært annleis sommar, med restriksjonar som gjer at store arrangement er avlyst. Men noko må vi finna på.

Av: Jorunn Hernes, Kråko Utvikling

Dersom myndigheitene held fast på det dei har skissert, om at det frå 15. juni skal verta lov å samla inntil 200 menneske til offentlege arrangement, har vi ein plan: Sommar i Kråko er lune, små arrangement i eit telt ved kanalen utanfor PS Bryggekafé og ELØ. Vi set opp piknikbord inni teltet, og det blir berre fire personar per bord for å ivareta smittevern og sosial distanse, men vi satsar på at stemninga og kontakten vil bli god likevel. Maksimalt antal publikum per kveld er 112 personar. Opplegget er utarbeidd i samråd med smittevernlegen, og vi tek omsyn til dei gjeldande smittevernreglane.

Sommar i Kråko er samansett av ymse arrangement i teltet frå 26. juni til 1. august, og det vert servering av mat og drikke ved borda i teltet.

Programmet vert ganske så variert, vi er heldige som har så mange gode lokale aktørar som stiller opp. Vi har både Fitjar, Stord, Bømlo og Sotra representert i arrangementa.

Humor, song og kviss

Først ut er Neserevyen med John Arvid Skumsnes og Kristian Skumsnes; Neserevyen er kjend for dei elleville lokale friluftsrevyane sine i Nesevågen i Fitjar. Som så mange andre måtte dei diverre avlysa på grunn av Corona-pandemien, men dei stiller opp med ein «lågterskel» variant i teltet i Kråko. Så skal indiepop/rock bandet Silver Wings frå Stord ha ein konsert, dei er seks unge musikarar i alderen 16–17 år. Vi gler oss over å ha eit så ungdommeleg band med!

Så skal vi ha Sommar Quiz med Sverre Hagerup Sørensen, og frå Bømlo stiller Brynjar Stautland og Jan Ove Mordalstø med programmet Heimalaga, med salte songar, både heimelaga og lånte og alltid med relevans til oss kystfolk. Neste ut er trubaduren Vivian Steinsland frå Sotra, med «Ein Sommarvals». Ho er kjend for sine fine tolkningar av Johannes Kleppevik-songar. Ho stiller med ein del eige stoff, og har denne gongen med seg Bjørn Breilid.

Helga etter er det duka for Værsgo – en hyllest til Kim Larsen, med Årstein Tislevoll og andre lokale musikarar frå Fitjar og Stord. Vi har også vore heldige å få med Ole André Westerheim, som nok vil fylla sin kveld med varierte og svært gjenkjennelege pop- og rock-klassikarar. Vi skal også ha ein Familie-allsongkveld med Harald Rydland, som har med seg Silje Rydland som forsongar og også andre musikarvener, og dette vert ein gøyal og familievenleg allsongkveld (billettinntekta for akkurat denne kvelden vil gå uavkorta til Redd Barna). Som avslutning på Sommar i Kråko vil vi få Pandemitimen med Ole Bergesen og Arne Torget, dei vil antakeleg harselera med det meste som går an å laga galskap av.

I tillegg til Sommar i Kråko-programmet vil det årlege andeløpet bli gjennomført, og i år som i fjor vil Fitjar kyrkjelyd flytta gudstenesta si ut i Kråko ein sundag, i år blir det sundag 19. juli.

Så vi kryssar fingrane for at smittetala held seg låge, og at vi kan ha trivelege opplevingar i Kråko i sommar. Billettsal er via internett, og sidan det er svært begrensa med plassar i teltet, og på grunn at vi må ha full kontroll på deltakarar med kontaktinformasjon grunna smittevernberedskap, må alle kjøpa billett på førehand.