Vassendgutane Pressebilete

Fitjar kultur- og idrettsbygg kan lokka med stort og spennande program for hausten og vinteren.

– Eg syntest me har fått til eit flott program for hausten og vinteren. Eg føle me har klart å finna noko for kvar ein smak, fortel dagleg leiar Ole Bergesen.

Han ser særleg fram til haustens store konsertoppleving.

– Vassendgutane kjem på besøk 19.oktober. Dei leverte varene når dei vitja oss i fjor. So det kan ikkje bli anna enn kanonstemning i år ogso, fortel Bergesen.

Vassendgutane på besøk i 2018. Arkivfoto: Kjetil Rydland

Bandet frå Ørsta har gjort stor suksess gjennom ei årrekkje med sin humoristiske countrymusikk.

– Dei fengjer breitt, og her vil folk i alle aldrar kosa seg. Her er det berre å kjøpa billett med ein gong, seier Bergesen.

Les ogso: Vassendgutane var i storform og trekte heile 750 festglade

Idrettslaget feirar jubileet

I november vert det stor familiedag i idrettshallen.

- Annonse -

– Fitjar Idrettslag vert 70 år i år, og laurdag 2.november skal det feirast. Her vert det aktivitetar, underhaldning og gratis kaka og kaffi til alle, lovar Bergesen.

Ole Bergesen kan elles lokka med Jakob Sande kveld 27.september, og julekonsert med Vidar Johnsen 17.desember.

– Begge deler vert i kultursalen, og billettane er allereie for sal.

Det siste på programmet for 2019 er juleshow den 13. og 14 desember. Dette var eit populært tilbod i fjor.

– Det vert revy, allsong og dans. Petter Aagaard & Housequake kjem, og det vert revy med meg og fleire kjente fjes, fortel Ole Bergesen.

Jakob Sande kveld, Petter Aagaard & Housequake, og Vidar Johansen. Pressebilete

Opera og meir country

I februar vert det først operagalla med Runar Thor Gudmundsson og Alexandra Chernyshova den 1. februar. Deretter kjem ein attende til countrymusikken.

Pressebilete

– Det er utruleg flott at Rotlaus kjem på besøk 14.februar. Flott dansemusikk legg grunnlaget for ein vellykka  «valentinsdate», spøker Bergesen.

Rotlaus har blitt godt kjent i Noreg på desse få åra dei har spela musikk. I fjor var dei nominert både til årets album og årets gjennombrot på Spellemannsprisen.

– Det skjer på Fitjar, og dess fleire som kjem, dess meir vil skje, lovar Bergesen.