I førre kamp tapte Fitjar 6-0 mot Hovding. No blei det eit nytt stortap. Denne gongen mot Follese.

Nedturen for Fitjar held fram, og det vart nok eit stortap på Askøy laurdag, samstundes som både Bremnes og Norheimsund vann denne helga.  Det kan dermed sjå vanskeleg ut for Fitjar å berga plassen i 3. divisjon for neste sesong.  Det er 4 kampar att, og ein ligg 5 poeng bak Norheimsund og 8 poeng bak Bremnes.

 

Kampen på laurdag var avgjort alt etter 10 minutt med 2 raske mål av Follese.  Kvaliteten i Fitjarspelet er for dårleg, mykje feilpasningar og personlege feil.  Dette vert ein hardt straffa for mot raske og effektive Follese spelarar.

 

Fitjar slit med liten spelarstall og at spelarar som er halvskada, må spela for i det heile å kunne stille lag.

Etter to stortap på bortebane skal Fitjar no møta Loddefjord heime på førstkomande laurdag, me får håpa lykka snur, og det skal tross alt spelast om 12 poeng i dei siste 4 kampane.